Dagen kom med frisk sørvest, solglimt og regnbyger.
Me hadde hatt denne dagen i tankane lenge, og hagen var sjølvsagt velfrisert for anledningen.
Me var veldig spente, ville det komma fem eller femti?
Det kom trettini hageinteresserte folk som kikka, spurde og skrytte!
Her ser dei på "solbedet" på vestsida.
"Kva heiter denne?" "Sår du han sjølv?"
Hagedammen fekk mykje oppmerksomhet.
I hagestova serverte me kaffi, lappar og vafler.
Etter ein runde og to i hagen trekte folk inn.
Lappane fall i smak.
Hageprat over kaffikoppen.
