VÅR

VÅR
Soli Deo Gloria

lørdag 24. juli 2010

Tankar om ein hage


Me legg ned mykje arbeid og pengar i hagen, men det ligg også tankar bak. Mitt ønske har vore å skapa ein hage som er god å vera i, for oss som bur her, for barn og barnebarn, og for gjester. Men også for dyr og fuglar - ja, heilt ned til "mauren i mold". Difor brukar me sjølvsagt ikkje gift av noko slag.

Det har også vore ein bevisst tanke å stimulera alle sansar, noko å sjå på, smaka på og lukta på. Bærhagen, jordbæråkeren og frukttre er viktige innslag.

Den tredje ideen har vore ein hage som skal vera fin både sommar og vinter, difor har me mykje vintergrønne planter, laurbærhegg, barlind, rododendron og kjeglegran.

Me bygde huset i 1978 og begynte etter fattig evne og økonomi å anlegga hage. Eg må smila litt når eg tenker på dei første forsøka, men eg veit at eg alt då hadde lyst å laga ein fin hage.
Eg er stolt av hagen min, og synes at eg har oppnådd mykje av det eg ville.

torsdag 22. juli 2010

Før og etter anleggsgartnar

Me bygde ein glassveranda i fjor. Den blei fin.

Men i år har me hatt ein anleggsgartnar
som har lagt siste hand på verket.



Konklusjon: Ein anleggsgartnar i hagen er meir verd enn ....

tirsdag 20. juli 2010

torsdag 15. juli 2010

Austin-roser

Hagen min er ingen typisk rosehage. Det blæs og me
har mange tre som kastar skugge. Eg var ganske letta
den dagen eg spadde opp rosene og kasta dei.
Dei hadde forspilt alle sjansane sine, og eg var lei
av å venta på rosefloret som aldri kom.



Så skulle eg laga eit bed på vestsida av huset.
Der var djup, god jord, ingen skugge...
Skulle eg prøva roser igjen?

Eg forelska meg i David Austin sine roser,
og denne som er avbilda blei kjøpt inn.
Jo, rosene var like flotte som på bildet,
men greinene var så tynne og svake at dei
klarte ikkje å halda rosene oppe, dei hang med
"ansiktet" mot bakken.
Skuff igjen. Slik gjekk tre år.



Men sjå nå:





I år står rosa som "pinne i kuskit".

Eg har ei Austin-rose til, William Shakespeare,
håpar ho og tar til vit og rettar seg i ryggen.

Eg kunne godt tenka meg å høyra kva erfaringar andre har med Austin-roser, eventuelt anbefaling av gode roser.

onsdag 14. juli 2010

Blomkarse - heilt enkelt!

Eg elskar blomkarse!
Fargen, voksemåten, den er like vakker overalt.
Inni mellom steinar...

i enga...


i jordbæråkeren...


i bedet mens me ventar på at dei andre skal bløma....

Dei fins i pastell også...


Men eg likar best dei orange og raude. I år hadde eg blomkarse i forkultur for å sikra tidleg bløming. Nokre frø sette eg rett i jorda - så har eg blomkarse lenge!
Blomkarse må vera noko av det mest villege som fins. Og frøa kan du hausta sjølv - dei kjem i søkk og kav. Vanskelegare treng det ikkje vera!