VÅR

VÅR
Soli Deo Gloria

søndag 2. november 2014

Bløming i november

Litt bløming er der ennå i hagen. Rosa Leonardo da Vinci står med ein heil klase.

 
New Dawn har også nokre få roser ennå.
 Elles er to blå som held det gåande.
 
Oktoberhjelm (Aconitum carmichaelii)
 
og Geranium "Rozanne"
 
 
 

torsdag 23. oktober 2014

JAPANSK BLODLØNN


Her på vestlandet går hausten i gult og brunt. Raudfargen som kjem etter ei frostnatt uteblir -  med mindre ein har planta ein Japansk blodlønn. Då er raudfargen berga!



Treet er raudt heile sesongen, først mørk raudt, for så å bli knallraudt om hausten.

Japansk blodlønn er eit lite tre på 2 - 3 m. Det latinske namnet er Acer Palmatum "Atropurpureum".


mandag 22. september 2014

Miscanthus sinensis "Malepartus"

Det er ikkje nok å ha gras i plenen, nå skal det vera gras i beda også.



Ikkje berre er dei moderne, med ei høgd på over to meter er dei svært stilige.
Dei tilfører hagen eleganse og ein fredfull stemning.

Dei "blømer" nå i september.
 

søndag 7. september 2014

Korleis gjekk det med rosestiklingane?

Femte juli tok eg 49 rosestiklingar. Åtte er i fin vekst. Fire av dei ser ut til å vera Bonica.
Eg hadde notert namn og merka dei med ispinnar, men det har vore ei lita hand og flytta på pinnane. Så nå får eg berre venta å sjå kva det er.



torsdag 21. august 2014

Sommaren for roser

Dei siste tre åra har eg kjøpt ein del rosebuskar, for det meste buskroser. Kan nemne Aicha, Ritausma, Aspirin, Madame Boll, Bonica, Reine De Violette, Leonardo da Vinci, Louise Odier, Rhapsody in Blue, Rose de Recht m.fl.

I fjor var det berre eit under at dei overlevde den lange, kalde våren. Det blei jo heller ikkje noko roseflor å snakka om den sommaren.

Men i år....
Buskane har vakse seg kraftige, og dei har blømt og blømt og blømt. Dei som remonterer tok ein liten pause i slutten av juli, og kom deretter med eit nytt flor.

Her ser du klaserosa Astrid Lindgren 18. august
 
Ingenting å seia på bløminga!
 
 
Det første floret hadde flatare roser slik du ser på det nederste bildet.
 
Ei nydeleg rose til minne om ein fantastisk forfattar.

 

tirsdag 15. juli 2014

ROSA "CLIMBING ICEBERG"

Kjøpte to stk av denne rosa i fjor, planta ei sørvendt og ei austvendt. Begge vaks halvannan meter første sommaren, og blømte for første gong i år. Den som står sørvendt har naturleg nok flest blomar.


Rosene kjem i store klasar, dei er aldeles snøkvite og rørande vakre. Dei har også god lukt.


Det er ei David Austin- rose i Floribunda-serien. Ho blir ca tre meter høg.


mandag 7. juli 2014

STIKLINGAR AV ROSER

Eg har gjort eit forsøk på å laga mine eigne roser av stiklingar. 49 stiklingar er der i denne kassen!

 
Klaseroser skal vera dei som er lettast å få til, så eg har ein god del av "Bonica" og "Leonardo Da Vinci", men også buskroser, til og med ei Austinrose. Det blir spennande å sjå kor mange som røtar seg. Innan 4-5 veker vil det visa seg.

 Kassen kjøpte eg på Plantasjen.

 
Det blei mange avklypte roser.
 
 
 

fredag 4. juli 2014

Rosebuen kles inn

Klatrerosa "New Dawn" likar seg godt i den nye rosebuen.

Ville gjerne lagt ut lukta også!
 
 

 





















Klematisen "The President" har klatra halvvegs.


mandag 21. april 2014

NY ROSEBUE



Husbonden har laga rosebue av armeringsjern Som ein kan sjå  på bildet er det to ruter av armeringsmatte og så er det sveisa på stenger til forsterking i kvar side.

 
Ei rose og ein klematis skal få slynga seg her. Det er "New Dawn" og "President".

KULEPRIMULA I KVELDSSOL


mandag 17. mars 2014

AVOCADOTRE


 

 Avocadoen har ein stor stein som du kan få til å spire ved å la den henge over eit glas med vatn.
 
 
 
 
 
 
Stikk tannstikker i sidene på steinen og la den komma halvvegs ned i vatnet. Etter nokre veker sprikk steinen opp, og det veks ut rot og topp. Nå kan du planta heile steinen i mold. Det blir ei stor, fin plante på kort tid.

 

 


fredag 21. februar 2014

Mykje for pengene

Julerosa som eg kjøpte i desember held på å blomstre av. Dei kvite kronblada har blitt gulgrønne og senteret er fylt med frø.

Til jul fekk ho henge ved utedøra, men i januar då det blei fleire kuldegrader, flytta ho inn i glashuset. Til våren skal ho plantast ut og stå saman med dei andre julerosene i bedet. Samlinga aukar med ei plante for kvart år.

Og det fine er at når julerosa inne takkar for seg, står dei ute i full blomst. Alt i januar står dei med store knoppar og lovar vår.
Så i samanlikning med andre juleblomar som ein gjerne kastar etter jul, kjem julerosa godt ut. Første året i potte blømer ho gladeleg tre månader, og utplanta blømer ho frå februar og utover heile våren. Bladene er grøne heile året.

Det latinske namnet er Helleborus Niger. Den fins hybrider i ulike fargar, men det er den kvite som er vanlegast i utsal før jul.