VÅR

VÅR
Soli Deo Gloria

tirsdag 30. mars 2010

Dette har eg venta på


For første gong i vinter såg eg dompap i hagen. To stk, herr og fru, dei held som kjent saman til "døden skil dei åt". Paret skal vel til med formeiring ganske snart, mon tru det blir i min hage?


Forresten - snøen lavar ned, hagen er heilt kvit!

lørdag 27. mars 2010

Endeleg vår!


Så blei det vår! Mildt og fint i lufta, snøklokkene blømer og krokusen held på å springa ut. Eg har vore ute og stussa og klypt, og fjerna det som var visna. Kaninene fekk vera i uteburet sitt, og eg trur dei lika lukta av jord, dei og. Hagesesongen er i gong!

lørdag 20. mars 2010

Fiskane har klart vinteren




Me kjøpte koi til dammen i fjor sommar, og me var spente på om dei hadde overlevt vinteren. Me gjorde dammen heilt rein for lauv og skitt i haust, og me la ned eit varmeelement og ei luftpumpe.


Og det har lønt seg, fiskane lever med stort liv.

søndag 14. mars 2010

Fuglekassane på plass


I dag hengte me opp fuglekassane, to meise- og to stærkassar, ferdig innreda med høy. Eg såg kjøttmeisa inspiserte den eine stærkassen som ligg nærmast skogen, men eg veit ikkje om ho flytta inn. Kanskje eg må ha meg ein liten kikkert så eg kan følgja med dei nye naboane.

tirsdag 2. mars 2010

I vinterhagen


Julerose (Helleborus orientalis)


Spirene har fått englevakt. Så kaldt som det er om natta trur eg dei treng det.

Nyanskaffelse


Har kjøpt bad til fuglane. Ventar spent på at dei skal ta det i bruk.