VÅR

VÅR
Soli Deo Gloria

torsdag 9. desember 2010

Kong Vinter og dronninga hans

Gjennom sommaren er vrihasselen lite å sjå på.
Han står der mest som eit troll.

Men når lauvet fell, skjer forvandlinga.


Den stygge andungen blei ei svane.
Vrihasselen blir ei dronning.



...DESEMBERDRONNING...

onsdag 17. november 2010

VINTAGE

Innslag av vintage kan bli prikken over ièn
både i interiør og garderobe.

Også i hagen synes eg det er meiningsfullt
å ta vare på dei gamle kulturplantene.

Ei slik plante er Humleblom.



Planta mi tok eg frå svigermor sin hage sist på 70-talet.

Norsk Hagetidend har planteportrett av Geum-slekta
i nr 7 i 2010 for dei som vil lesa meir. Av forklaringa her
kunne eg bestemma planta mi til Chilehumleblom.

At blomen er vintergrønn er heller inga ulempe.

lørdag 6. november 2010

Ein "stayer"

Ringblomsten er ein hardhaus, han står seg mot
frostnetter og vekevis med regn. Ingen dårleg investering
å strø ut nokre frø av denne om våren.




GOD HELG!

mandag 1. november 2010

Det er svart november

Slik begynner songen Tir`na Noir.
Og det stemmer for mange av dagane
som me går i møte nå.

Men første november blei LYS og FIN
her på vestlandet.

Og i hagen er det framleis nokre FARGEKLATTAR.
Japansk blodlønn (ellerer det viftelønn?)
står i lys lue.



Hortensia står også med sine litt
gammelmodige blomar.




Men LYSET og FARGANE er kortvarige gleder nå.
NYT DEI!

søndag 17. oktober 2010

Stillferdig avskjed

EN SOMMER ER OVER...


...MEN VI SKAL SES IGJEN...

...TIL NESTE ÅR!

lørdag 25. september 2010

"Ei med alt."

Oktoberormedrue er ein vakker og elegant staude,
kanskje den finaste eg har i hagen.
Med blomen er han ca 2m høg, men
held seg oppreist utan oppbinding.



Bladverket står gjennom heile sesongen,
og er rødgrønt og flikete. Det er nydeleg i
bukettar.




Blomane er liksom små duskar.
Dei luktar himmelsk.




Det latinske namnet er Cimicifuga
Simplex.

mandag 13. september 2010

Hopp og sprett og tjo og hei

Hagen vår er omkransa av store tre; gran, furu, bjørk
og selje - skikkeleg vestlandsk blandingsskog. Før var
det mange ekorn i trea, men dei siste åra har dei ikkje
vore å sjå. Eg har lurt på korleis det kunne ha seg,
(var innom tanken på at det var synet mitt som var
blitt dårlegare).



I alle fall - i dag såg eg ekorn. Men eg fekk ikkje
tatt bilde. Dette ekornet traff me i ein park i
Warszawa, og det var aldeles tamt. Utruleg søte
skapningar. Eg er veldig glad for at dei er tilbake.


tirsdag 31. august 2010

Vesthagen

For oss med hagedilla går hagesesongen aldri heilt over,
den går berre over i ulike fasar.
Nå er det klippa-plenen-mellom regnbygene-fase.


Bildet er frå vestsida av huset og er tatt
i sommar.

tirsdag 17. august 2010

Vannlijer

Eg tar som regel ein tur i hagen både
før og etter jobb.
Det er alltid noko som har skjedd,
ein staude visnar og takkar for seg,
og ein annan viser seg for første gong.

I dag låg to nye vannliljer og duppa
i dammen.


onsdag 11. august 2010

Eit under

Då eg kom frå byen, oppdaga eg dette
underet.

Irisen "Japanese spinwheel"
hadde sprunge ut, og nå står han her
nyutsprungen og nybada i sol og regn.

I natt har det regna...

...og det er ingen sensasjon,
men blomane blir sensasjonelt vakre
med tårevåte kinn.


tirsdag 10. august 2010

Gleder i august

Viss du synest sommaren har vore for kald,
kan du varma deg på desse!



tirsdag 3. august 2010

So happy together

The only one for me is you

And you for me


So happy together


Me and you and you and me
no matter how they toss the dice

lørdag 24. juli 2010

Tankar om ein hage


Me legg ned mykje arbeid og pengar i hagen, men det ligg også tankar bak. Mitt ønske har vore å skapa ein hage som er god å vera i, for oss som bur her, for barn og barnebarn, og for gjester. Men også for dyr og fuglar - ja, heilt ned til "mauren i mold". Difor brukar me sjølvsagt ikkje gift av noko slag.

Det har også vore ein bevisst tanke å stimulera alle sansar, noko å sjå på, smaka på og lukta på. Bærhagen, jordbæråkeren og frukttre er viktige innslag.

Den tredje ideen har vore ein hage som skal vera fin både sommar og vinter, difor har me mykje vintergrønne planter, laurbærhegg, barlind, rododendron og kjeglegran.

Me bygde huset i 1978 og begynte etter fattig evne og økonomi å anlegga hage. Eg må smila litt når eg tenker på dei første forsøka, men eg veit at eg alt då hadde lyst å laga ein fin hage.
Eg er stolt av hagen min, og synes at eg har oppnådd mykje av det eg ville.

torsdag 22. juli 2010

Før og etter anleggsgartnar

Me bygde ein glassveranda i fjor. Den blei fin.

Men i år har me hatt ein anleggsgartnar
som har lagt siste hand på verket.



Konklusjon: Ein anleggsgartnar i hagen er meir verd enn ....

tirsdag 20. juli 2010

torsdag 15. juli 2010

Austin-roser

Hagen min er ingen typisk rosehage. Det blæs og me
har mange tre som kastar skugge. Eg var ganske letta
den dagen eg spadde opp rosene og kasta dei.
Dei hadde forspilt alle sjansane sine, og eg var lei
av å venta på rosefloret som aldri kom.



Så skulle eg laga eit bed på vestsida av huset.
Der var djup, god jord, ingen skugge...
Skulle eg prøva roser igjen?

Eg forelska meg i David Austin sine roser,
og denne som er avbilda blei kjøpt inn.
Jo, rosene var like flotte som på bildet,
men greinene var så tynne og svake at dei
klarte ikkje å halda rosene oppe, dei hang med
"ansiktet" mot bakken.
Skuff igjen. Slik gjekk tre år.



Men sjå nå:





I år står rosa som "pinne i kuskit".

Eg har ei Austin-rose til, William Shakespeare,
håpar ho og tar til vit og rettar seg i ryggen.

Eg kunne godt tenka meg å høyra kva erfaringar andre har med Austin-roser, eventuelt anbefaling av gode roser.

onsdag 14. juli 2010

Blomkarse - heilt enkelt!

Eg elskar blomkarse!
Fargen, voksemåten, den er like vakker overalt.
Inni mellom steinar...

i enga...


i jordbæråkeren...


i bedet mens me ventar på at dei andre skal bløma....

Dei fins i pastell også...


Men eg likar best dei orange og raude. I år hadde eg blomkarse i forkultur for å sikra tidleg bløming. Nokre frø sette eg rett i jorda - så har eg blomkarse lenge!
Blomkarse må vera noko av det mest villege som fins. Og frøa kan du hausta sjølv - dei kjem i søkk og kav. Vanskelegare treng det ikkje vera!

lørdag 5. juni 2010

Paradis?

Nå står hagen i fullt flor! Rododendron, syrin, tulipanar, forglemmegeisøster, marikåpe, løytnantshjerte, anemone og mange fleire viser fram blomsterprakta si.


Blå valmuesøster,Meconopsis betonicafolia, er ekstra blå i år.



Ei Gjerdevikke har vikla seg inn i Hostaen.



Løytnantshjerte, Dicentra spectabilis, er yndig.



Akeleie og marikåpe er eit fint par.