VÅR

VÅR
Soli Deo Gloria

tirsdag 23. august 2011

Solbedet får en makeover

I vesthagen har eg eit bed som eg kallar solbedet. Der har eg samla varme fargar som gult, rødt og orange. For litt kontrast og spenning har eg planta inn nokre mørke fargar.
Eg har vore fornøyd med fargane og plantene, men bedet var stort og hadde ein fasong som gjorde at det var vanskeleg å "innreia". Dessutan var det ingen plass å trø slik at det blei vanskeleg å jobba i det.

Slik såg bedet ut i fjor:



Eg bestemte meg for å gjera eit lite inngrep, og eg la ned heller tvers over heile bedet.

Som du ser blei bedet delt i to. Slik såg det ut i juli.

Og slik såg det ut i august:

Så "nu er alt så meget bedre."

mandag 15. august 2011

OPEN HAGE

14.august var dagen for 1000 åpne hager

Dagen kom med frisk sørvest, solglimt og regnbyger.

Me hadde hatt denne dagen i tankane lenge, og hagen var sjølvsagt velfrisert for anledningen.
Me var veldig spente, ville det komma fem eller femti?

Det kom trettini hageinteresserte folk som kikka, spurde og skrytte!


Her ser dei på "solbedet" på vestsida.


"Kva heiter denne?" "Sår du han sjølv?"


Hagedammen fekk mykje oppmerksomhet.




I hagestova serverte me kaffi, lappar og vafler.


Etter ein runde og to i hagen trekte folk inn.


Lappane fall i smak.


Hageprat over kaffikoppen.
Det var kjempegøy!

søndag 7. august 2011



Hageselskapet har tatt initiativ til arrangementet 1000 åpne hager og har oppfordra hageeigarar om å opna hagen sin og dela hagegleda med andre.

Som ein del av dette arrangementet er "Hagen på haugen" open for alle søndag 14.08. kl 15.30 - 19.00

Adressa er Grautalivegen 11, Førde

Velkommen!