VÅR

VÅR
Soli Deo Gloria

onsdag 22. juni 2011

HAGEN I DAG

Det går nokre timar i hagen nå om dagen, men i dag har eg berre klippa plenen og vatna nyplanta rosetre. Etterpå tok eg ein runde med fotoapparatet.



Dette ferskentreet fekk eg til bursdagen min i fjor. Eg har planta det innerst i drivhuset og forma det som ei vifte. Men nå rekk det i taket, kva nå?



Det var ein god del blomar på det i vår, men det blei berre ein stakkars fersken. Her er det nokon som ikkje har gjort jobben sin!



Nokre av irisane blømer nå, denne står saman med ein hosta. Fint par!



Denne irisen står i dammen.


onsdag 15. juni 2011

Hekk av Laurbærhegg


Laurbærhegg er ein eviggrøn busk som er fin til hekk. Eg har hatt hekken i ca ti år og er godt nøgd med han. Men då eg kjøpte han, var eg ikkje merksam på at det var to sortar: Etna og Otto Luyken. Det enda med at eg hadde fire planter av sorten Etna og resten Otto Luyken. Etna blir grov og greinene legg seg flatt.

I år måtte eg gå hardt til verks og ta vekk mesteparten av dei. Sidan denne hekken skal skjule komposttønnene, måtte eg la noko stå igjen.



Eg har planta nye buskar i holet, men nå forvissa eg meg om at det var rett sort.




Laurbærhegg blømer i mai-juni, blomane luktar godt. Etter bløming kan han skjerast. Og her er den andre feilen eg har gjort: eg har berre stussa tuppane. Resultatet blir sjølsagt grove greiner med lite lauv nedst. Men nå har eg lært, du må ta ut ei - to av dei grovaste greinene ved basis.

Etter vinteren har han ein del brune blad, det er truleg vinden. Men alt i alt synes eg det er ein fin busk som kan anbefalast til hekk.

torsdag 9. juni 2011

KNOPPAR

Eg er så fascinert av knoppar...












søndag 22. mai 2011

Nå blømer rododendron

Det er vel ikkje mange hagar på vestlandet utan rododendron, denne planta som likar sur jord, tåler regn og vind, som ikkje blir eten verken av sneglar eller rådyr.





Det har samla seg ein del rododendron i min hage også, først kom dei låge med raude, enkle blomar, så dei med lilla. Seinare "avanserte" me til Fantastica, Busy Bee, Dreamland og Jakushimanum.









Rododendron slår ikkje feil. Av og til blir han litt skranten, og då kan du klyppa han heilt ned, og neste år har du ein fin grønn busk.

tirsdag 26. april 2011

Damvask

Viss dammen skal vera fin, må han gjerast rein ein gong i året. Første påskedag stod damvask på programmet, det er ein tomannsjobb, så her må gubben til pers.

Først må fiskane over i eit kar. Etter det blir vatnet pumpa ut.


Dei gule spirene som står langs kantane er iris, og dei som står i midten, på det djupaste, er vannliljer. Dei står i leirjord i kvar sin bag. Eg nytta høvet til å gjødsla dei.


Me ausar opp blad og mold for hand, så spyler me (han) vekk grønska på berget.


Til slutt kan me tappa i nytt vatn.


Så kan fiskane setjast tilbake, og me kan berre håpa at dei tåler medfarten. Det er litt "tøft" å skifta ut alt vatnet i ein omgong, det er ikkje heilt etter boka. Men, men, nå er det iallfall gjort!

fredag 22. april 2011

To jenter på taket

Då eg kikka ut vindauget i går, såg eg rett på dette motivet.


Dei nyter ferien og finaveret i bestemor sin hage.


Tittelen på bildet fekk meg til å tenka på dette koselege diktet av Aslaug Låstad Lygre:

Tre prikkar på teigen.

Her oppe frå denne brekka
kan eg sjå hustaket
der borte på Bru,
og går eg lenger opp i bakken ,
kan eg sjå tunet og.

Når vi skal inn att til non,
skal eg gjeva meg etter litt,
og så skal eg kliva opp i den steinrøysa der.
Derifrå kan eg sjå heile bøen
deira på Bru.

Og dersom eg ser ein svart prikk
nede på teigen,
så er det vel berre far din;
men ser eg to prikkar,
så er kanskje du den eine;
men det kan vera det berre er mor di;
men ser eg tre prikkar,
så er sikkert du den eine -

Dersom vi dryer lenger no,
kjem dei på Bru til å gå til non
før oss.

Men då skal eg gå hit opp att
før dei andre,
og så skal eg klatra opp i den bjørka der -
då vil eg sjå heile garden
der borte.

Og ser eg ein svart prikk
nede på teigen,
så er det vel berre far din:
men ser eg to svarte prikkar,
er kanskje du den eine
- dersom det ikkje er mor di då.
Men ser eg tre prikkar,
så er sikkert du den eine -

fredag 15. april 2011

Nå er det vår

Så langt i vår har eg berre hatt to gode hagedagar (dagar med mange timars hagearbeid), men nå er det mildt, så det blir snart fleire.

Hagebordet er flytta ut og pynta....


I drivhuset er spirene i fint driv...(og glassverandaen er full)


I fuglekassane er det liv ...

APRIL ER UIMOTSTÅELEG!