VÅR

VÅR
Soli Deo Gloria

onsdag 9. mars 2011

Always look at the bright side...

Gjennom vinteren blir det ofte litt svinn.

Bambi er ein dagleg gjest, her har han forsynt seg med eføy.


Men eføy er det nok av!

Denne planta likar han også, ho er godt stussa.

Då kjem ho opp att tett og fin.

Lyngen er avsvidd, truleg barfrost og vind.

Så får eg plass til noko anna.

Denne krukka var ny i fjor, og eg let ho stå i dammen i vinter...

Men eg har ei til, og kanskje det er fleire på Spanne plantesalg og ?

Og dessuten - snøklokkene er komne!

lørdag 5. mars 2011

SE HVA SOM SKJER...



Våronna er i gong. Det er veldig travelt, eg har mest ikkje tid å drikka morgonkaffien, før eg spring ut i drivhuset og hentar såjord og potter. Etter såing står dei i kjøkenglasa til dei spirer, då flyttar dei ut på glasverandaen under eit lysrør. 13 timar tilleggslys må dei ha.



I år har eg sådd eit og eit frø i papp-potter og sparer meg for priklejobben.

Er dei ikkje søte?

lørdag 19. februar 2011

Overdådige, fullkomne bed

Neida, eg har det ikkje ennå, men eg skal få det. I dag har eg lagt ein plan. Så viss alle frøene spirer, viss dei overlever prikling og utsetting, viss alle plantene blir sånn som i katalogen, viss sommaren blir varm og fin - då skal det bli overdådige, fullkomne bed...

Eg har laga ein plan for kvart bed. Eg har vurdert fargenyansar, høgde, vekstform og blømingstid.

Sist sommar var regnfull og litt skuffande. Det som eg spesielt merka meg, var at eg mangla mørke fargar som kunne skapa litt spenning. Rosa og kvitt er skjønt, men blir kjedeleg i lengda.

Så i år sår eg lilla Kongslys, mørkblå Akeleie, mørkblå Ipomoea, Dahlia som er mørkrød/svart med orange senter,, svart Stokkrose ( som blømer neste år). Eg bestiller ein blåsvart Iris, Dahlia i mørke fargar, ein mørkrød Geranium og ein sjokoladefarga Cosmos.

Det skal plantast ut mellom alle dei sarte fargane. Det bildet som eg har av beda mine nå er fullkomment.

SWEET DREAMS

onsdag 16. februar 2011

"Jeg tror, jeg tror på sommeren...."

På søndag klarte eg ikkje å venta lenger, eg gjekk ut i drivhuset og blanda perlite inn i såjorda, las på frøpakkane og bestemte meg for å begynna med desse sortane:

tomat, Gardeners delight
aubergine, Black Beauty
Petunia, Burgundy & Pink Vein
Dahlia coccinea, Victoriana Mix

Og i dag berre tre dagar seinare - sjå kva som skjer!


Slik skal ho bli


Hagefolk er optimister!

fredag 11. februar 2011

VÅR i glassverandaen



I dag har sola varma opp glassverandaen, og stemningen er vårleg.

Kameliaen har overvintra her ute, og står nå med ein blom.





PRIMULA = VÅR

søndag 30. januar 2011

Hageliv i januar

Det har vore ein skikkeleg vestlandsvinter med temperaturar rundt null, regn, sludd og vind. Hagen manglar den fine snøkåpa og er litt sjuskete å sjå til.

Men det er alltid noko å gleda seg over. Småfuglane kjem og forsyner seg av solsikkefrø og meiseboller, i dag skal dei forresten teljast, eg deltar på hagefuglteljing for andre gong.

Frøkatalogane er komne, og frø er bestilt. Nå gjeld det berre å venta litt til. Elles har eg meldt hagen min på arrangementet "Tusen åpne hager" den 14.08. (sjå Norsk Hagetidend nr 1 i 2011)

I går var det rådyr i hagen midt på dagen og eg tok dette bildet.



Ha ein fortsatt god søndag!

torsdag 9. desember 2010

Kong Vinter og dronninga hans

Gjennom sommaren er vrihasselen lite å sjå på.
Han står der mest som eit troll.

Men når lauvet fell, skjer forvandlinga.


Den stygge andungen blei ei svane.
Vrihasselen blir ei dronning.



...DESEMBERDRONNING...