mandag 31. mai 2010
Skogsymre
Nå blømer skogsymra, Anemone sylvestris. Eg er veldig glad i denne store kvitveisen som eg har hatt nokre år, men er litt "øvegidde" over kor mange eg plutseleg har! Den spreier seg både med rotutløparar og frø, så nå skal eg flytta han over i enga. Der kan han berre slå seg laus!

søndag 16. mai 2010
Verd å venta på
Denne planta fann eg i ein katalog og falt pladask for. Men det skulle gå mange år før planta svarte til bildet i katalogen. Eg trur ho stod i seks, sju år før ho begynte å bløma, og eg hadde vent meg til tanken om at det var eit feilkjøp. Men så...
Blomen kjem før bladene. Det står om Skjoldsildra at ho vil ha fuktig og næringsrik jord. Hos meg står ho tørt. Det latinske navnet er Darmera Peltata.
fredag 14. mai 2010
Eit fargerikt fellesskap
torsdag 13. mai 2010
I opphavet...
mandag 10. mai 2010
søndag 9. mai 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)
