Hagen vår er ein naturhage med mykje knausar og stein. I tillegg har me henta inn kulestein og murestein. Her er eit lite utval. Alle med eit dryss av melis.
Her på vestlandet går hausten i gult og brunt. Raudfargen som kjem etter ei frostnatt uteblir - med mindre ein har planta ein Japansk blodlønn. Då er raudfargen berga!
Treet er raudt heile sesongen, først mørk raudt, for så å bli knallraudt om hausten.
Japansk blodlønn er eit lite tre på 2 - 3 m. Det latinske namnet er Acer Palmatum "Atropurpureum".
Femte juli tok eg 49 rosestiklingar. Åtte er i fin vekst. Fire av dei ser ut til å vera Bonica.
Eg hadde notert namn og merka dei med ispinnar, men det har vore ei lita hand og flytta på pinnane. Så nå får eg berre venta å sjå kva det er.