VÅR

VÅR
Soli Deo Gloria

mandag 21. april 2014

NY ROSEBUE



Husbonden har laga rosebue av armeringsjern Som ein kan sjå  på bildet er det to ruter av armeringsmatte og så er det sveisa på stenger til forsterking i kvar side.

 
Ei rose og ein klematis skal få slynga seg her. Det er "New Dawn" og "President".

KULEPRIMULA I KVELDSSOL


mandag 17. mars 2014

AVOCADOTRE


 

 Avocadoen har ein stor stein som du kan få til å spire ved å la den henge over eit glas med vatn.
 
 
 
 
 
 
Stikk tannstikker i sidene på steinen og la den komma halvvegs ned i vatnet. Etter nokre veker sprikk steinen opp, og det veks ut rot og topp. Nå kan du planta heile steinen i mold. Det blir ei stor, fin plante på kort tid.

 

 


fredag 21. februar 2014

Mykje for pengene

Julerosa som eg kjøpte i desember held på å blomstre av. Dei kvite kronblada har blitt gulgrønne og senteret er fylt med frø.

Til jul fekk ho henge ved utedøra, men i januar då det blei fleire kuldegrader, flytta ho inn i glashuset. Til våren skal ho plantast ut og stå saman med dei andre julerosene i bedet. Samlinga aukar med ei plante for kvart år.

Og det fine er at når julerosa inne takkar for seg, står dei ute i full blomst. Alt i januar står dei med store knoppar og lovar vår.
Så i samanlikning med andre juleblomar som ein gjerne kastar etter jul, kjem julerosa godt ut. Første året i potte blømer ho gladeleg tre månader, og utplanta blømer ho frå februar og utover heile våren. Bladene er grøne heile året.

Det latinske namnet er Helleborus Niger. Den fins hybrider i ulike fargar, men det er den kvite som er vanlegast i utsal før jul.

søndag 2. oktober 2011

KLEMATIS

Etter mange år med prøving og feiling og ikkje minst venting
begynner eg å få taket på klematis.
Her er den kjente og kjære President.
Blømer fantastisk i år trass i alt regnet.

Denne er ny i år, men etablerte seg fort.
Viticella rubra er namnet.

Han får slynga seg i portalen saman med rosa Lykkefunn som blømer mykje tidlegare.

Denne har brukt lang tid på å etablera seg, eg veit
ikkje kvifor. Namnet har eg gløymt. Den blømer i juli.

Litt blass i fargen, men la gå!

Denne skjønnheten heiter Etoile violet.
Den har stått i mange år, og blømte for første gong i år.
Han slynger på drivhuset,skjønt slynger og slynger, fru Blom!
Ein einaste stengel var alt han kom opp med!


Samstundes med Etoile Violet planta eg Miss Bateman
på andre sida av drivhuset.
Ho blømte for første gong i fjor, og i år tok ho seg heilt ut!


Det eg har lært om klematis er at dei skal plantast djupt
i god og næringsrik jord. Og det er berre å pøsa på med gjødsel!
Dei kan godt ha ei lita plante ved foten som skuggar for sola.
Viticella- sortane skal vera dei mest hardføre, dei høyrer til gruppe tre,
dei som blømer sist, og som skal klippast heilt ned om våren.

Og dei er verd pengene, gjødsla, arbeidet og ventinga!

tirsdag 23. august 2011

Solbedet får en makeover

I vesthagen har eg eit bed som eg kallar solbedet. Der har eg samla varme fargar som gult, rødt og orange. For litt kontrast og spenning har eg planta inn nokre mørke fargar.
Eg har vore fornøyd med fargane og plantene, men bedet var stort og hadde ein fasong som gjorde at det var vanskeleg å "innreia". Dessutan var det ingen plass å trø slik at det blei vanskeleg å jobba i det.

Slik såg bedet ut i fjor:



Eg bestemte meg for å gjera eit lite inngrep, og eg la ned heller tvers over heile bedet.

Som du ser blei bedet delt i to. Slik såg det ut i juli.

Og slik såg det ut i august:

Så "nu er alt så meget bedre."