Kjøpte to stk av denne rosa i fjor, planta ei sørvendt og ei austvendt. Begge vaks halvannan meter første sommaren, og blømte for første gong i år. Den som står sørvendt har naturleg nok flest blomar.
Rosene kjem i store klasar, dei er aldeles snøkvite og rørande vakre. Dei har også god lukt.
Det er ei David Austin- rose i Floribunda-serien. Ho blir ca tre meter høg.
tirsdag 15. juli 2014
mandag 7. juli 2014
STIKLINGAR AV ROSER
Eg har gjort eit forsøk på å laga mine eigne roser av stiklingar. 49 stiklingar er der i denne kassen!
Klaseroser skal vera dei som er lettast å få til, så eg har ein god del av "Bonica" og "Leonardo Da Vinci", men også buskroser, til og med ei Austinrose. Det blir spennande å sjå kor mange som røtar seg. Innan 4-5 veker vil det visa seg.
Kassen kjøpte eg på Plantasjen.
Kassen kjøpte eg på Plantasjen.

Det blei mange avklypte roser.
fredag 4. juli 2014
Rosebuen kles inn
Klatrerosa "New Dawn" likar seg godt i den nye rosebuen.
Ville gjerne lagt ut lukta også!
Klematisen "The President" har klatra halvvegs.
Ville gjerne lagt ut lukta også!
Klematisen "The President" har klatra halvvegs.
Abonner på:
Innlegg (Atom)