Det har vore ein skikkeleg vestlandsvinter med temperaturar rundt null, regn, sludd og vind. Hagen manglar den fine snøkåpa og er litt sjuskete å sjå til.
Men det er alltid noko å gleda seg over. Småfuglane kjem og forsyner seg av solsikkefrø og meiseboller, i dag skal dei forresten teljast, eg deltar på hagefuglteljing for andre gong.
Frøkatalogane er komne, og frø er bestilt. Nå gjeld det berre å venta litt til. Elles har eg meldt hagen min på arrangementet "Tusen åpne hager" den 14.08. (sjå Norsk Hagetidend nr 1 i 2011)
I går var det rådyr i hagen midt på dagen og eg tok dette bildet.
Ha ein fortsatt god søndag!
søndag 30. januar 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)