VÅR

VÅR
Soli Deo Gloria

lørdag 25. september 2010

"Ei med alt."

Oktoberormedrue er ein vakker og elegant staude,
kanskje den finaste eg har i hagen.
Med blomen er han ca 2m høg, men
held seg oppreist utan oppbinding.



Bladverket står gjennom heile sesongen,
og er rødgrønt og flikete. Det er nydeleg i
bukettar.




Blomane er liksom små duskar.
Dei luktar himmelsk.




Det latinske namnet er Cimicifuga
Simplex.

mandag 13. september 2010

Hopp og sprett og tjo og hei

Hagen vår er omkransa av store tre; gran, furu, bjørk
og selje - skikkeleg vestlandsk blandingsskog. Før var
det mange ekorn i trea, men dei siste åra har dei ikkje
vore å sjå. Eg har lurt på korleis det kunne ha seg,
(var innom tanken på at det var synet mitt som var
blitt dårlegare).



I alle fall - i dag såg eg ekorn. Men eg fekk ikkje
tatt bilde. Dette ekornet traff me i ein park i
Warszawa, og det var aldeles tamt. Utruleg søte
skapningar. Eg er veldig glad for at dei er tilbake.