VÅR

VÅR
Soli Deo Gloria

onsdag 29. juni 2011

PETUNIA - ein sann fryd

Petunia sår eg kvart år. I år valde eg denne doble sorten frå frøkatalogen.




Frøa er små som støv, men har god spireevne. Plantene er først ein liten rosett og er lette å kjenne igjen. Frøplantene er også svært levedyktige, så eg har som regel nokre å gje vekk.



Her har han fått selskap av ein erteblomst.

onsdag 22. juni 2011

HAGEN I DAG

Det går nokre timar i hagen nå om dagen, men i dag har eg berre klippa plenen og vatna nyplanta rosetre. Etterpå tok eg ein runde med fotoapparatet.



Dette ferskentreet fekk eg til bursdagen min i fjor. Eg har planta det innerst i drivhuset og forma det som ei vifte. Men nå rekk det i taket, kva nå?



Det var ein god del blomar på det i vår, men det blei berre ein stakkars fersken. Her er det nokon som ikkje har gjort jobben sin!



Nokre av irisane blømer nå, denne står saman med ein hosta. Fint par!



Denne irisen står i dammen.


onsdag 15. juni 2011

Hekk av Laurbærhegg


Laurbærhegg er ein eviggrøn busk som er fin til hekk. Eg har hatt hekken i ca ti år og er godt nøgd med han. Men då eg kjøpte han, var eg ikkje merksam på at det var to sortar: Etna og Otto Luyken. Det enda med at eg hadde fire planter av sorten Etna og resten Otto Luyken. Etna blir grov og greinene legg seg flatt.

I år måtte eg gå hardt til verks og ta vekk mesteparten av dei. Sidan denne hekken skal skjule komposttønnene, måtte eg la noko stå igjen.



Eg har planta nye buskar i holet, men nå forvissa eg meg om at det var rett sort.




Laurbærhegg blømer i mai-juni, blomane luktar godt. Etter bløming kan han skjerast. Og her er den andre feilen eg har gjort: eg har berre stussa tuppane. Resultatet blir sjølsagt grove greiner med lite lauv nedst. Men nå har eg lært, du må ta ut ei - to av dei grovaste greinene ved basis.

Etter vinteren har han ein del brune blad, det er truleg vinden. Men alt i alt synes eg det er ein fin busk som kan anbefalast til hekk.

torsdag 9. juni 2011

KNOPPAR

Eg er så fascinert av knoppar...